 |
Om OssUllafyrets Venner blei stifta i 2002, med den
hensikt å ta vare på fyret og gjere det tilgjengeleg for bygdafolket
på øyane.
Dobbelklikk=zoom inn. Dobbelklikk på høyre tast=zoom ut.
I styret idag (2006) sét Karl Olsen, Geir Austnes, Inger Anne
Pareliussen, Robert Pareliussen, Oddfrid Sunde, Synnøve Tomren, og
desse var óg initiativtakarane til Ullafyrets Venner då det starta.
Dette skjedde etter ein periode der fyrhusa ikkje fekk tilstrekkeleg
velikehald, og
ei tid stod fyret óg i fare for å hamne i private hender.
Men heldigvis er fyret og Kvernholmen framleis kystverkets eigedom,
og naturen og bygningane her ute er tilgjengeleg for alle.
For å bli støttemedlem i Ullafyrets Venner, ta kontakt med
nokon i
styret. Avgifta er på kr 100,- i året, og ein får då vere med
(gratis!) på dugnad, og elles vere med på tilstelningar arrangert
her ute.

Det er jevnleg dugnad på fyret, og vi oppmodar alle til å vere
med å hjelpe til. Dugnad her ute er forøvrig eit festleg og sosialt
arrangement. 
Kjøkkenet, søndre del.

"Damegjengen" på ein dugnad.
|
|
Haramsøy og øyane rundt

Haramsøya ligg ytst ute mot havet
på Sunnmøre i Vest-Norge. Det går hurtigbåt til Ålesund (ca 40
minutt) til fergjekaia på Austnes.
Det går bilferge mellom Austnes - Kjerstad (Løvsøy) og Skjelten
(Fastlandet). Mellom Haramsøy og Longva er det ei bru som bind
desse to øyane i lag. Det bur omlag 1400 menneske på øyane i
dag. Øyane har ein utmerka flott natur. Kvernholmen ved Ulla,
Haramgardane, Flemsvikane på Longva, og Rønstadhellaren på naboøya
Løvsøy er plassar det er vel verdt å oppleve.
Det er flatt og fint å sykle på alle tre øyane.
Det er óg ein
flott opplevelse å gå på fjellet på alle tre øyane. På
Haramsøya går det fjellvei frå Ulla og over fjellet til Haram.
På Longva er det vei opp på fjellet frå Flem. Desse vegane er
av variabel stand, men stort sett farbar med vanleg bil.
[Fleire foto] |